
10.8K
Downloads
191
Episodes
We are sharing from our life and fellowship with God and people. Sometimes we share insight and wisdom from our long life.
Episodes

Jun 25, 2024
Jun 25, 2024
20 min
Kvardagane kjem til oss med utfordringar og velsigningar. Paulus fekk nytt mot då dei kristne frå Roma kom for å møta han. Vi får også nytt mot av å vera i lag med kristne sysken som hjelper oss å sjå Guds velsigningar i små og store kvardagshendingar.

Jun 13, 2024
Jun 13, 2024
16 min
Ingen kvardag er grå jamvel om det ikkje er så mykje uvanleg som skjer. Men midt i ei vanleg veke kan vi sjå Guds velgjerningar og gleda oss over både små og store overraskingar og hendingar. Som å bli utsett for gleding av nokre småjenter og ei gild mor!

Jun 5, 2024
Jun 5, 2024
24 min
Kongen og dronning kom på besøk hjå oss i Randaberg. Det var ei fin oppleving med mykje god musikk og song, gode talar av dronning og ordførar og mykje anna godt program. Denne veka har vore full av store og små gleder, midt oppe i ting som er vanskeleg og utfordrande. Gud er god!

May 28, 2024
May 28, 2024
25 min
Vi har hatt ei veke full av velsigningar saman med gode trufaste venner gjennom mange år. Gud har gjort under - eit mirakel som svar på bønn. Den Nasjonale Bønnekonferansen på Stord og på Moster var ei flott oppleving av Guds nærvær, rikt bønnefellesskap og profetiske proklamasjonar!

May 19, 2024
May 19, 2024
19 min
Vi takkar Gud for livet og for livet i fredelege Noreg med 17. mai feiring og stor glede. Pinse inneber at vi ikkje er åleine. Trøystaren, Talsmannen, Hjelparen er alltid hos oss, for han bur i oss som trur. Når tårene kjem er han trøystaren so hjelper oss til å sjå ting i rett perspektiv.

May 6, 2024
May 6, 2024
40 min
Dette er den fjerde undervisninga om Guds evige plan og hensikt og i dag seg vi på endemålet og kva Gud gjer når han vil frelsa verden.

Apr 25, 2024
Apr 25, 2024
20 min
Å lyda og tru gjev glede og fred. Bibeltruskap fører til frimod og og glede i kvardagslivet i nabolaget og i det kristne fellesskapet.

Apr 14, 2024
Apr 14, 2024
55 min
Guds evige plan og hensikt er sentrert om Jesus Kristus. I han er vi utvalt frå før verda vart skapt og i han har vi vår felles identitet. Guds kjærleik er utgangspunktet for Guds plan og alt han gjer og finn sitt uttrykk Guds familie, Jesus kropp og Andens tempel av levande steinar.

Apr 3, 2024
Apr 3, 2024
19 min
Påske er ei stor høgtid som vi har feira med fest og glede saman med gode folk. Jesus har vunne over døden og hans ord vender ikkje tomt tilbake.

Mar 19, 2024
Mar 19, 2024
23 min
Solveig og eg har vore på misjonsreise til India og Nepal. Vi har opplevd Guds hjelp og nåde, pluss magetrøbbel og utfordringar, men Herren har vore med oss. Alle våre venner melder om framgang for evangeliet.
