
10.8K
Downloads
191
Episodes
We are sharing from our life and fellowship with God and people. Sometimes we share insight and wisdom from our long life.
Episodes

Apr 26, 2023
Apr 26, 2023
22 min
Solveig fortel om ei fantastisk kvinnehelg og Erling fortel om ei fantastisk tverrkyrkjeleg samling om Guds ord. Og innimellom opplever vi mange gode ting som vi har lyst til å dela med andre. Livet med Gud og kvarandre er spennande og utfordringane!

Apr 18, 2023
Apr 18, 2023
22 min
Vi har hatt besøk av to herlege Guds menn som kom som skyer fulle av Andens forfriskande regn til oss på fellessamlinga i Huskjerkå. Mange fekk eit sterkt møte med Den Heilage Ande. Folk vart åndsdøypt, fornya og forfriska i samlinga, men Gud har også gjort mykje anna godt denne veka.

Apr 11, 2023
Apr 11, 2023
16 min
Vi har vore i England for å feira at Hanna, dotter vår som bur i Leicester, har vorte 50 år ung. Vi fekk også med oss påskefeiring i London i mellom anna Holy Trinity Bromton. Det er kyrkja til Nick Gumble som starta Alfakursa. Men det største er at Jesus vann og vi har vunne!

Apr 3, 2023
Apr 3, 2023
21 min
Vi har vore med på ein fantastisk påskefest der generasjonane har vore saman for Guds andlet. Det starta og slutta med ungdomsleir og fem ungdomar tok imot Jesus som frelsar og Herre. Gud gjer under!

Mar 27, 2023
Mar 27, 2023
16 min
Vi har alltid grunnar til å vera takksame og glade, men gleda i Herren er ikkje avhengig av ytre ting som snø på Jæren i mars. Vi har vore på fleire samlingar og møtt mange gode folk og det gjev oss glede. Bønnekonferansen, Drømmen om Norge, var ei fin oppleving som også skapte glede.

Mar 20, 2023
Mar 20, 2023
17 min
Mange av oss strevar med å vera tolmodige for vi vil at ting skal skje fort. Vi treng å læra at ting tek tid. Det å vera uthaldande og ikkje gje opp er lettare for nokon av oss å forhalda oss til.

Mar 13, 2023
Mar 13, 2023
19 min
Gud møter oss med eit hav av kjærleik og gjer kvardagane spennande og fulle av velsigningar.

Mar 5, 2023
Mar 5, 2023
16 min
Vi takkar for kvardagane og huskjerkå med unge menneske. Solveig les dikt og vi snakkar om Ester og nokre lærdommar frå Habakkuk.

Feb 27, 2023
Feb 27, 2023
22 min
Vi kan sjå tilbake og takka for mange undergjerningar som Gud har gjort. Spesielt har vi sett Gud gjera store under i India. Men vi kan ikkje berre leva på minner, vi kan oppleva Guds nærvær og hjelp kvar einaste dag. Når vi kappast om å heidra og æra kvarandre blir det mykje oppmuntring og glede i kvardagen.

Feb 20, 2023
Feb 20, 2023
20 min
Unge menneske er i fokus når Gud i desse dagane renner ut sin Ande, men også vi eldre kan vera med på vår måte i det Gud gjer i denne tida. Vi takkar Gud for det Gud gjer blant unge menneske og at han fører generasjonane saman. Både unge og eldre treng å ha ein skikkeleg grunnvoll i livet slik at vi ikkje byggjer på sand, men på fjellgrunn. Livet vårt må tola stormane som kjem.
