
10.8K
Downloads
191
Episodes
We are sharing from our life and fellowship with God and people. Sometimes we share insight and wisdom from our long life.
Episodes

Dec 22, 2023
Dec 22, 2023
24 min
Vi har vore på Gullbotn og hatt ei flott førjulstid med mange velsigningar. Så gjer vi oss klar til ei ny julehelg og ønskjer alle våre venne ei velsigna Julehelg!

Dec 11, 2023
Dec 11, 2023
15 min
Vi har hatt ein svær runde med covid19, men er på beina att. Midt i sjukdom og vanmakt har Gud vore nær. Vi har også fått nokre spennande nye kontaktar som vi får bli kjent med og dela evangeliet med. Gud er god!

Nov 23, 2023
Nov 23, 2023
24 min
Livet med Gud er spennande og utfordrande! Gud er tilstades i kvardagen vår og på store samlingar. Gud reiser opp ein ny generasjon av leiarar som tener hans plan i denne tida.

Nov 15, 2023
Nov 15, 2023
21 min
Vi har vore i England og Wales og besøkt både vår naturlege og åndelege familie. Det har vore ei stor velsigning å treffa vår to døtrer, svigersøner og barnebarn. I Wales fekk vi også vera med på World Watch - ein misjonskonferanse med svært oppmungtrande rapportar frå kva Gud gjer mange forskjellege plassar.
Då vi kom heim fekk vi vera med å døypa ein ny læresvein, broren til ein ny læresvein som eg døypte i april!

Oct 31, 2023
Oct 31, 2023
20 min
Vi har hatt ei velsigna veke med mykje å takka for. Eit av høgdepunkta var ei flott barnevelsigning som vi fekk vera med på. Så bruker vi nokre av bønnene frå Den Store Familie Bønneboka til å be for barn og uskuldige som lir i krigane som pågår no.

Oct 22, 2023
Oct 22, 2023
25 min
Vi lever i profetiske dagar medan krigen herjar i Ukraina og Israel. Uskuldige lir og det går ofte ut over barna. Endetidspekulasjonane er i full gang, men det er ikkje så mykje vi kan gjera med det som skjer ute i verda. Men vi kan leva i fornying og oppleva profetiske dagar til oppmuntring og hjelpd i kvardagen.

Oct 9, 2023
Oct 9, 2023
19 min
Fred er sentralt for den kristne trua. I dag takkar vi for mange velsigningar og for at vi lever i eit land med fred midt i ei uroleg tid med krig i verda. Vi treng å leva i fred med Gud for å kunna leva i fred med oss sjølv, folk rundt oss og vera med å skapa fred og forsoning mellom folk og nasjonar.
Det hebraiske ordet for fred, shalom, er eit rikt ord som inneber mykje meir enn fråvær av krig og konflikt. Shalom er harmoni, velstand, god helse, lukke og glede. Shalom er det gode livet. Dette snakkar vi om i denne podkasten.

Oct 3, 2023
Oct 3, 2023
22 min
Det er godt å lovsyngja Herren. Vi tener han med glede og kjem fram for han med takkesong. Halleluja! Lovsyng Herren, mi sjel. Eg vi lovsyngja Herren heile mitt liv, syngja og spela for han så lenge eg er til.

Sep 24, 2023
Sep 24, 2023
23 min
Vi takkar Gud for mange velsigningar denne veka og snakkar om kor viktig naboskap er. Gud har velsigna oss med gode naboar og vi har etter beste evne prøvd å vera gode naboar dei plassane vi budd.

Sep 18, 2023
Sep 18, 2023
18 min
Det skjer ei åndeleg oppvakning i landet vårt. "Det er vekkelse i lufta!" Vi ser klare teikn på at Gud er på ferde. Særleg oppmuntrande er det som skjer blant unge menneske i våre dagar. Det er også veldig godt å sjå at fråfalne og folk som av ulike grunnar har kome på avstand no finn vegen tilbake til Gud og kristne fellesskap.
