
10.8K
Downloads
191
Episodes
We are sharing from our life and fellowship with God and people. Sometimes we share insight and wisdom from our long life.
Episodes

Sep 3, 2023
Sep 3, 2023
23 min
Vi har sett filmen "Jesus Revolution" som tok oss tilbake til det vi opplevde av Jesusvekkelsen i landet vårt tidleg på syttitalet. Dette er samtale emnet vårt i denne podkasten.

Aug 25, 2023
Aug 25, 2023
20 min
Vi takkar for familie, vennskap og det kristne fellesskapet. Samtidig gleder vi oss over å vera sendt av Gud, både til India med alle dei utfordringane det inneber med motstand og forfølging, men utfordrar også til å gå til dei andre.

Aug 14, 2023
Aug 14, 2023
27 min
Sommaren vår har vore full av velsigningar og vi takkar Gud for alle hans velgjerningar gjennom små og store hendingar.

Jun 19, 2023
Jun 19, 2023
19 min
Vi har hatt ei god veke med familebesøk og anna besøk, pluss gode samlingar med vår åndelege familie i huskjerkå. Det er stort å vera ein del av eit levande fellesskap. Den daglege bønnelesingar av Salmane og vår daglege bibellesing er også ei stor kjelde til glede.

Jun 12, 2023
Jun 12, 2023
20 min
Vi har hatt ei god veke saman med det internasjonale teamet og fått gode rapportar om kva Gud mange stader. Huskjerkå og The Send har også vore nokre av våre høgdepunkt denne veka. Solveig har feira at det er 60 år sidan ho var russ, men det største er det håpet vi har. Det kristne håpet gjeld både dette livet og den komande verda. Det er godt å vera trygg i trua og håpet.

Jun 4, 2023
Jun 4, 2023
20 min
I dag ber vi nokre av dei takkebønnene som vi finn i "Den store familiebønneboka." Nokre av desse bønnene er gamle og slitesterke. Dei har vorte bedne av mange millionar av kristne opp gjennom tidene og er gode for oss å bruka i dag også.

May 29, 2023
May 29, 2023
26 min
Pinse er den kristne kyrkja sin fødselsdag som må feirast, men pinse er også noko vi kan leva i kvar einaste dag. Pinseglede er fellesskapsglede. Sjå kor godt og vakkert det er når kristne lever i fred og harmoni og fungerer saman i salvinga frå Den Heilage Ande!

May 21, 2023
May 21, 2023
24 min
Vi har så mykje å takka for. I dag er dette nøkkelorda: Familie, fellesskap, feiring, frukttre og to leirar. Vi er aldri åleine for det er alltid to flokkar eller to leirar som vi er ein del av eller som leirar seg rundt oss.

May 9, 2023
May 9, 2023
28 min
I dag deler vi ein samtale som Erling hadde med Siri Johannessen i Valle Radio for nokre veker sidan. Dei kjem inn på mange ulike ting knytt til bønn og misjonsarbeid.

May 2, 2023
May 2, 2023
35 min
Vi er skapte for fellesskap og vennskap. Det er ikkje godt for nokon av oss å vera åleine. Solveig og eg snakkar om vennskapen med Jesus og takkar Gud for gode venner i kjøtt og blod. Vi deler innsikt om korleis vi kan vera gode venner og få nye venner.
